Håpefulle snøfnugg

Kan du skildre slik at alle kan sjå? Kan du gi det ein sjanse, slik som meg?

Syver og jeg bygde en enorm snømann for et par år siden. Gode minner for både ham og meg.

Mjuke snøfnugg dalar håpefulle og stille mot bakken, før ein lett bris skil dei ifrå kvarandre og gjer reisa deira brått meir uforutsigbar. Under eit tre, eit av dei verkeleg store, eit slikt med tjukke og mektige greiner som breier seg godt ut mot lause lufta, der strekk sterke røtter seg og grip tak i alt dei maktar å sno seg kring. Der sit eg, med ein varm kakao, og tek imot livet. Kan du sjå det?

Eg let att auga og gliser medan eg ventar. Kakao kan klart vente. Taktfaste barnesteg durande i kram snø nærmar seg. Med lure auge, blaute vottar kring kram snø, og eit monster i magen. No kjem han.

Ein kald klum snø treffer andletet mitt og eg er blind. Medan eg deisar i bakken, gnissar kjeledressen til minstemann mot jakka mi, og eg er fanga av ein farleg Yeti.

Raude kjakar, lukka auge, tilstade i nuet. Vinterdress og blaute vottar, med hua godt over barneøyrer. Ein liten kropp med tunga ute, under millioner av dalande snøfnugg, i ei kald grop. Livets fyrste snøengel. Mitt lille under ligg der, i lag med meg. Kan du sjå det?

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.