Håpet sit i skuggen


Håpet sit i skuggen
Ei sjuk familie stoppar opp, framfor ein liten by.
Dei er på leit og trenger sårt, å finne mat og ly.
Ei mor, ein far med jenta si, med alt dei eig på rygg.
Dei gjeng med ljoset i ei lykt, og trua gjer dei trygg


Når byen som dei vandrar mot, skin opp og viser seg,
då samlar dei si rest av kraft, og jenta viser veg.
Tvil og sorg har vore sterk, men dei har fått eit råd.
Det ga dei kraft og dreiv dei fram, lik som ein heltedåd.


På torget, lett tilgjengeleg, står ein flokk med folk bak disk.
Dei tilbyr posar fylt med håp, og lovar du blir frisk.
Dei sel alt det som folket treng, for rike blir dei då.
Seier kva som helst for dine pengar, sjølv at blinde folk skal sjå.


I eit hjørne, borti mørkret, sit ein tiggar på eit pledd
med blikket festa på eit skilt, ein kan sjå at han er redd.
På skiltet står det klart i tekst at tiggarar skal vekk,
Likevel så sit han der, held godt tak rundt ein sekk.


Den litle jenta ser på han og auga får kontakt.
Ho gir eit smil som seier alt, som ord ei kan få sagt.
Då smiler mannen vennleg, og gir i frå sin sekk,
og det han gir kan alle få, ved å sjå, ikkje vende seg vekk


Medan menneska må kjempe, for å kjøpe det dei treng,
ligg jenta med familien sin, i ly, trygg i ei seng.
Jenta ligg og undrar seg, eig dei inga skam?
Blind for andre enn seg sjølv, så såg dei ikkje ham?


Eit barneauge har eit blikk, fritt for mistru og tvil,
Og jenta såg at tiggaren, han trengde håp og smil.
Det la til rette for eit val, håp i synergi
ho fann ut at håp avlar håp, for du får det ved å gi!

Øyvind Blindheim

Innlegget nedenfor var vel egentlig starten på å kunne tørre å legge ut dikt og refleksjoner. Les det gjerne:

Når familien kjenner seg litt nedfor, er det godt å møte på positive mennesker!

5 kommentarer til «Håpet sit i skuggen»

  1. Så fantastisk nydelig<3 jeg ble revet med jo mer jeg leste, hjerte slår fortere og hardere, hjernen spinner rundt alle «bildene» jeg får... følelsene kommer i takt med hjerteslagene, jeg kjenner ei tåre som triller nedover mitt kinn og lander på telefonen min slik at den brer seg utover langs kanten, den skinner som en diamant og jeg sitter igjen med mange tanker, refleksjoner, følelser, bilder...
    Tusen takk for at du deler<3 Du må nå bare ta frem denna boka som du skriver på- jeg løper og kjøper<3

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.