Lyset vinn alltid

Lyset vinn alltid 

Når høgtid kjem og alle stjerner skin, bak ein grå og plutseleg vegg av skyer.

Og du helst skulle visst om livet vinn,  når lyset du veit er der,

blir svekka på vegen gjennom sludd og tunge byger.

Når alt, som før, låg klart og langt der framme, falmar hen og viskast sakte bort.

Da merkar vi at vi vil vere heime, men livet det skal levast,

vi må gå saman, berre ikkje altfor fort.

Vi veit det er der, lyset alle vil sjå, vi må berre leite litt annleis frå no.

Og vi veit at liv kan vere tøft å leve, når vegen brått blir lengre,

om så den blir borte, skal vi klare å gå

Rytmane i song og dikt, kan slite, knote og falle, rim blir borte, meininga forsvinn

Brått blir livet slik for oss alle, men tøffe liv er levd før oss,

og dette veit vi, at lyset alltid vinn.

Vi leier kvarandre i hjartet, hånd og blikk, motet er der, håpet er der óg.

Stjerna brenn, var beskjeden som vi fekk, tida har vi, vi veit vi finn ho,

stjerna vi ein gong såg.

(Øyvind Blindheim 2018)

11 kommentarer til «Lyset vinn alltid»

  1. Så nydelig ❤ Kjætighet er en kraft så sterk, som hjelper når noe butter i mot ❤ Ønsker deg og dine et godt og velsignet nytt år!🎉🎉 All mulig lykke💞

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.